Malmin
Med Åshild Vetrhus


Dei som har gravd djupt i norsk musikkhistorie har kanskje høyrt om langeleikspelaren som brast i gråt fordi tonane i instrumentet hadde endra seg. Ein utdanna musikar på gjennomreise i bygda hadde flytta notane for å få langeleiken like «rein» som eit kyrkjeorgel. Men tonane hadde ikkje vore tilfeldige, dei hadde vore slik lenge, kanskje i fleire generasjonar. Det som læt uvant for eit moderne øyre, var eit uttrykk for personleg fridom og estetikk - og sjølve sjela i musikken til langeleikspelaren.

Når tradisjon blir handsama med fryktlaus kjærleik, kan band som Malmin oppstå. På det andre albumet til duoen blir gamle melodiar frå eit svært avgrensa geografisk område tatt varsamt fram i lyset, fôra gjennom gitarforsterkarar og gjenfødd i ei form som overskrider både kultur og musikalske grenser.Duoen, som har spesialisert seg på tradisjonsmusikk frå Rogaland, har laga plate i trespann med folkesongar og Suldøl Åshild Vetrhus. Det har blitt til eit minimalistisk, medrivande album av løynde lokale skattar frå gamle kjelder og arkivopptak – og ein durande flymotor!

Malmin sitt prosjekt er å formidle det djupt menneskelege i denne musikken og opne han opp for den moderne lyttaren. Og vegen dei har tatt går via hjartet:Dei «tapte tonane» til langeleikspelaren – som også finst i mangfaldige variasjonar i gamle slåttar og viser frå Rogaland – blir tatt godt vare på i hendene til Malmin og Vetrhus. Og sjølv om dei nyttar eldre tonar og rytmar, har trespannet tatt seg stor fridom. Fele, langeleik, song og spesialbygd elgitar og mandolin blir fargelagt av vreng og forsterkarar. I møtet med moderne teknologi blir slåttane endå mektigare, og opnare – både for kjennarar av folkemusikk så vel som som for tilhengjarar av dronete, suggererande musikk i meir elektriske sjangrar utanfor hovudstraumen.

Rogaland hadde ingen Myllargut eller Ole Bull. Utan kjende konsertfelespelarar i regionen, blei slåttane frå området heller ikkje moderniserte og utvida for bruk i framsyningar og konsertar. Slik bevarte denne musikken ein råskap og originalitet som tidvis er meir rock enn rocken sjølv.

Derfor er det kanskje ikkje overraskande at rogalandsmusikken skulle bli møtepunktet for Anders Hana, som har bakgrunn frå eksperimentell støyrock (MoHa, Noxagt), og Olav Christer Rossebø, som i årevis har bygd bruer i terrenget mellom norsk alternativ pop og folkemusikk frå USA, Hellas og Norge (Frøkedal & Familien).

På denne utgivinga frå Malmin og Vetrhus finst musikk for fest, for å elska, for å bøta på og omvenda seg – og musikk for å døy. Framført med driv, varme og kjærleik for fortida med tre par føter solid planta i våre dagar.
Albumet markerer også oppstarten av, og første utgiving på, plateselskapet KRETS – eit samarbeid med undergrunnsmusikk-knutepunktet Fysisk Format der Hana/Rossebø skal kuratere innhaldet.
Slagordet til Krets er Or duldo! og er henta fra målmannen og anarko-teosofen Ivar Mortensson-Egnund.

KREDITERING:
Olav Christer Rossebø: hardingfele, fele, mikrotonal mandolin
Anders Sundsteigen Hana: mikrotonal gitar, munnharpe, langeleik, oktavfele
Åshild Vetrhus: song

Opptak ved Morten Joh og Anders Sundsteigen Hana i Tou lyd, Stavanger
Miks: Anders Sundsteigen Hana
Mastering: Helge Sten, Audio Virus Lab
Bandfoto: Vidar Landa
Kalligrafi: Vivian Majevski
Formgjeving: Kjetil Brandsdal
Foto: Ryfylke Museum
Infotekst: Anne Lise Frøkedal

Utgjevinga er støtta av Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere og Norsk Kulturfond.

LP

Formater: Vinyl
07. mar. 2025
Label Krets
Katalognr. KR31S01LP
EAN 7041889524761
PPD 175,-

CD

07. mar. 2025
Label Krets
Katalognr. KR31S01CD
EAN 7041889524723
PPD 100,-
File under:
Traditional/Folk
Sporliste:
1. Springar etter Svein P. Eikeland - Tveitaslåtten - Når mitt øie trett av møie
2. Springar etter Knut Sandal - Hei hopparen
3. Vinjavalsen - Halling etter Olav Bråtveit
4. Grønn står skogen - Tvilevise
5. Visetone - Springar etter Svein P. Eikeland
6. Hullaspringar
7. Hallingkule
8. Min Gud jeg prise vil med flid
9. Man fandt jo dette Himmelsind