Frøkedal & Familien
STAY

På albumet STAY, som kjem ut på Fysisk Format den 7. juni, har Frøkedal gravd i heimlege musikalske skattekister og let reinspikka popsongar smelte saumlaust saman med asymmetrisk pols-rytmikk, vals og allsong-rock.

Gjennom ni låtar og ein musikalsk rundtur i nærmiljøet, forsøker Frøkedal & Familien å skildre det me har til felles – vedvarande band som held oss saman – i ei fragmentert røynd.

STAY er lysare og tettare befolka enn Spellemann-nominerte Flora. Me er ute av skogen og tilbake i sivilisasjonen. Lysa er tende i heimane. Folk kjem saman i kollektiv allsong-terapi. Ungdommen er vakker og uregjerleg der han rek gatelangs. Ein rev vandrar over torget. Er det eit endetidsteikn eller er han ein gammal venn som har dukka opp for å helse på?

Frøkedal & Familien består, forutan Frøkedal sjølv, av Olav Christer Rossebø på fele, mandola og langeleik, Erlend Ringseth på tangentar og coverdesign, Selma French Bolstad på fele og vokal og Ingeleiv Berstad på fele og vokal. I tillegg har Tomas Pettersen (King Midas, Ulver, I Was a King) spelt trommer og Anders Hana (Malmin, Naaljos Ljom) har bidratt med langeleik, munnharpe og gitar.

Frøkedal - vokal, gitar
Erlend Ringseth - keys, kor
Olav Christer Rossebø – feler, mandola, perkusjon, kor
Selma French Bolstad – feler, kor
Ingeleiv Berstad - fele, kor

Tomas Pettersen - trommer
Anders Sundsteigen Hana – gitar på spor 3, langeleik på spor 5, munnharpe på spor 7
Eirik Øien – kontrabass på spor 2
Michael Barrett Donovan – fele på spor 1

Skrive og arrangert av Anne Lise Frøkedal
Tatt opp av Bård Ingebrigtsen og Hans Andreas Horntveth Jahnsen
Miksa av Bård Ingebrigtsen
Master av Karl Klaseie

Omslagsillustrasjon: Andrea Serio
Design: Erlend Ringseth

Det spirer og gror i fotefara til musikarane i Familien. Anbefalt lytting:
Lady Hardanger, Selma French, Malmin, I Was a King

LP RECYCLED VINYL

Formater: Vinyl
07. jun. 2024
Label Fysisk Format
Katalognr. FY197LP
EAN 7041889514878
PPD 150,-

SIGNED LP RECYCLED VINYL

Formater: Vinyl
07. jun. 2024
Label Fysisk Format
Katalognr. FY197LPSIGN
PPD 150,-

CD

07. jun. 2024
Label Fysisk Format
Katalognr. FY197CD
EAN 7041889514922
PPD 90,-
File under:
Pop/rock  ›  Indie
Sporliste:
1. Crushing Candies
2. Ellis Vals
3. Devil's Mushrooms
4. Fox In The Mall
5. Kan Du Velga
6. STAY
7. Springdans frå Tøyen
8. Old Mistakes
9. Summer In Fall