Joel and the Neverending Sextet

Joel and the Neverending Sextet
Pouring Textures

The Neverending Sextet vert leia av den svenske bassisten, cellisten og komponisten Joel Ring. Musikken vert spegla av denne herrens særdrag og inspirasjonskjelder – her er fengjande jazzlåtar, lengselsfulle melodiar og rike lydlandskap.

Ring: "Som bandledare och kompositör finner jag stor inspiration i texturer och mönster. Texturer och mönster som finns i vår vardag och som vi interagerar med dagligen, både fysiskt och visuellt. Det kan vara statiskt kallt men också naturliga och organiska texturer som har många inspirerande detaljer."

Og inspirasjonen har jammen manifestert seg i klingande musikk. Opningssporet er, for å nytte eit tidlaust jazzuttrykk, sløyt. Det neste, forrykande. Tredje sporet held intensiteten oppe og mykje fin frijazz vert spelt. Det fjerde sporet opnar med eit trommespetakkel som går over i ein hit av ein låt som straks vekkjer danselysta. Plata avsluttast med ein sørgmodig melodi og eit lågmælt, målande lydlandskap.

Til saman er det driv og ungdommeleg mot, instrumentteknisk overskot og meloditeft. Joel Ring har gjort ein kjempejobb i å lage musikken, setja saman ensemblet og lage omslagskunsten. Pouring Textures er ein god tittel som både syner til at både dei tighte, swingande grooves og dei lause partia på denne plata som kan minne om ein rennande bekk av vellyd.

LP

Formater: Vinyl
10. des. 2021
Katalognr. MOT19LP
PPD 110,-
File under:
Pling Plong  ›  Free jazz/ improv  ›  Jazz
Sporliste:
1. Today's Special
2. Circles and Loops
3. Wobble Wobble
4. Pouring Textures
5. See You

Høyoppløste bilder:

Joel and the Neverending Sextet