Miman 1000 bitar MOT15 LP framsida

Miman
1000 Bitar

Med sin tredje plate 100 Bitar held trioen Miman stilen som ei uforutsigbar einheit med sjenerøse musikalske gaver. Ei rundreise i trioens univers slik det var skruvd saman i juni 2020 gjev høgst ulike inntrykk.

Miman, som består av Egil Kalman, Hans P. Kjorstad og Andreas Hoem Røysum, har spelt 75 konsertar i 12 ulike land sidan oppstarten i 2016. Dei har tidlegare gjeve ut LPane Ulme og Stora mängder rymdgrus til gode kritikkar og er også å høyre som ein del av Marthe Lea Band som gav ut Asura her på Motvind Records i juni 2021, samt som ein del av gruppa Völvur som saman med den skotske meisterskalden Alasdair Roberts gav ut den smått utrulege plata The Old Fabled River på Drag City i juli 2021.

Innspelinga av 1000 Bitar gjekk føre seg over tre dagar og netter i pittoreske fjordomgivnader i Leikanger i Sogn. Med kvar sin instrumentstasjon - Kalman med kontrabass, modulær syntheziser, gitar og trommesett, Kjorstad med fele, reinstemt indisk harmonium, fløyter og perkusjon, samt Røysum med klarinett, bassklarinett og basstromme, er instrumenteringa på denne trioplata høveleg eit større ensemble. Det musikalske materialet vart utvikla ved å finspikke konkrete musikalske idear, ei arbeidsmetode bandet også nytta på den fyrste plata Ulme, men i kontrast til konsertane til bandet - som alltid har vore fritt improviserte.

Felles for spora er ein søken etter eit altoppslukande uttrykk – krystalliserte fragmenter av musikkstilar presentert mystisk og uforklarleg som i ein draum. Konkret så streber dette uttrykker etter eit overhengande reinstemt ideal og er ikkje framand for å vera verken hodenikkande groovy eller instendig og sakteflytande.

Plateomslaget er måla av den svenske kunstnaren Lojsa af Geijerstam, som måla fleire omslag for svenske progrockband på 70-talet. Lyttarar som likar Terry Riley, Don Cherry, Anthony Braxton, tradisjonell felemusikk og Art Ensemble of Chicago vil mogelegvis finne meiningsgivande musikk på denne plata.

LP

Formater: Vinyl
05. nov. 2021
Katalognr. MOT15LP
PPD 100,-
Sporliste:
1. Elefanten i rommet,
2. Jucht
3. Fire varrianter
4. Sawakuro
5. Springar
6. Offeret
7. Six Moving Beers (For Fredrik Rasten)
8. Hvor er vår baronesse?
9. F_{k+1}/F_{k} -> (1+\sqrt{5})/2
10. Elvsong
11. Sunna

Høyoppløste bilder:

Miman 1000 bitar MOT15 LP framsida