Bergen Mandolinband
Koss Havna Me Her?

Bergen Mandolinband kan etter snart 20 år under radaren med rette kallast eit sakte-veksande-band. Men som alt som veks sakte blir brennverdien desto betre. Det nyaste albumet luktar fantastisk av kjerneved!

På plata ”Koss havna me her?” forsøker bandet å finne ut av, ja, nettopp det. Gjennom titlar som ”Ferdig med Hans”, ”I helvetes flammer”, ”Speletryne” og ”Kjørbar stand” utforskar dei livets både lyse, og meir bitre sider. Bandet til forfattar Gaute M. Sortland forsøker å svare på kor det heile starta og kva som skjedde, og kva som stadig skjer, undervegs.

Musikalsk drar det seg stadig lenger sørover, i Cajun/Creole-landskapet. Melodiane er stort sett tradisjonelle og er henta direkte frå Louisiana av folkemusikar og felespelar Olav Christer Rossebø. Dei melodiane som ikkje er tradisjonsstoff er laga av Sortland. Musikarane er elles kjend frå diverse band som Lady Hardanger, Frøkedal og familien og I was a King. Produsent for både singelen og det kommande albumet er Anne Lise Frøkedal.


Konserter:

27. august Haugesund folkebibliotek
5. september Riksscenen for folkemusikk, Oslo
30. oktober Bergen offentlege bibliotek
31. oktober Fjæra B&B, Etne

Vinyl

21. aug. 2020
Label Koolrecords
Katalognr. KOOL02
EAN 7041889510139
PPD 125,-

CD

21. aug. 2020
Label Koolrecords
Katalognr. KOOL03
EAN 7041889510146
PPD 80,-
File under:
Pop/rock  ›  Traditional/Folk
Sporliste:
1. Rundt og rundt i baren
2. Ferdig med Hans
3. Kven skal rydde opp
4. I helvetes flammer
5. Å, beibi det er sant
6. Koss havna me her?
7. Speletryne
8. Maury river blues
9. Matsangen
10. Kjørbar stand