Sigrid Moldestad
Vegane vi vandrar

Forankra i folkemusikken med naturen og bygda ho kjem frå som bakteppe, kjem folkemusikaren og visesongaren Sigrid Moldestad med sitt niande album. Eit vakse album både i innhald og volum; 15 nye låtar, som alle skrive av Moldestad, er vorte ein rik og fargesterk vev av historier og melodiar. Mangfaldig og sjangerleikande, men tett halden saman av eit bandkollektiv som aldri har kjendest meir samstemt og med-diktande enn på denne plata. "Vegane vi vandrar" er både utleverande personlig, rørande og humørfult, kanskje hennar sterkaste sidan solodebuten "Taus" i 2007, som ho fekk Spellemannsprisen for.

Albumet kjem ut digitalt og på vinyl. Pga av lengdebegrensning i vinylformatet inneheld vinylen 11 songar, samtlige med vokal. Den digitale utgåva av albumet inneheld 15 låtar inkludert instrumentale.

Fortellingane står i sentrum i tillegg til eit strålende band som fortel med Moldestad på rørende vis. Arrangementa er i stor grad forma i lag med bandet Sigbjørn Apeland, Jørgen Sandvik, Roald Kaldestad, Anders Bitustøyl, Kåre Opheim og Einar Sogstad. Ein viktig del av forproduksjonen føregjekk i Pederhuset i Breim – ein stad Sigrid har eit djupt forhold til, og som representerer hennar sterke band til folkemusikktradisjonen. Eit påminningshus og forankringspunkt. Derfrå er musikken vidareforedla i Duper Studio i Bergen saman med Iver Sandøy og Yngve Leidulv Sætre (produsent).

LP

Formater: Vinyl
06. mar. 2026
Label Aminje Records
Katalognr. AMJ003
EAN 7041889528806
PPD 175,-

CD

10. apr. 2026
Label Aminje Records
Katalognr. AMJ003CD
PPD 125,-
File under:
Pop/rock  ›  Folk
Sporliste:
1. April
2. Skuggesideborn
3. Sirklar&hjul
4. Skal du møte våren?
5. Draumemann
6. FemtiFemti
7. Morer som aldri søv
8. Livet
9. Bygdas trøyst
10. Systersong
11. Vegane