Hans P. Kjorstad
Avkjølingshistorie

Med Avkjølingshistorie har felespelar og komponist Hans P. Kjorstad sett på ulike definerande hendingar i verdshistoria og skrive musikk om dei.

Komposisjonen er eit forsøk på å skrive musikk med eit historisk-essayistisk-filosofisk-poetisk blikk på emne relatert til geologi, biologi, mystisisme og bevisstheit på fleire plan. Det er eit verk som freistar å dra lyttaren inn i ei underleg men likevel vagt velkjend verd der ein kan få innblikk i masseutryddingar, prehistoriske dyr som leikar seg i vatnet og på land, korleis menneskja finn saman i samarbeid og ein til slutt endar opp i vår eigen mekaniske tidsalder.

Kjorstad: "Det musikalske materialet kan ein seie er ei lydleg utforsking (og dermed også ein abstraksjon) av naturkreftene. Eg har sett meg inn i jordas geologiske historie og skrive tekster om denne med utgangspunkt i eigne interesser. Så har eg prøvd å sjå på korleis desse eldgamle strukturane kan verte formidla gjennom det eg vil kalle soniske tidsbilete.

Komposisjonen vart utarbeidd med dei spesifikke musikarane i ensemblet som modellar og dei har slik sett hatt stor innverknad på korleis historia høyrer ut. Kvar og ein av musikarane bidreg med sin eigne unike lydpalett og deira personlegdomar har vore formande for rollene dei har i verket."

Syn vert altså stikkordet i dette verket. Er ein heldig er dette spektakulær musikk i den tydinga at lyttaren skal kunne sjå for seg det som skjer.

Som på den førre plata til Kjorstad, ‘Vendingo utta’om råket’, er vinylomslaget handtrykka med teknikken tresnitt av komponisten.

Besetning: Hans P. Kjorstad: komposisjon, fele, trykk av tresnitt og albumnotat, Ole-Henrik Moe: bratsj og fuglefløyte, Inga Margrete Aas: viola da gamba, objekter og fuglefløyte, John Andrew Wilhite-Hannisdal: kontrabass og fuglefløyte, Eivind Lønning: trompet og fuglefløyte, Marthe Lea: saksofon og vasskrukke, Andreas Hoem Røysum: klarinettar og fuglefløyte, Rolf-Erik Nystrøm: saksofonar, Fredrik Rasten: akustisk gitar, elektrisk gitar, vasskrukke, objekter og fuglefløyte, Anja Lauvdal: reinstemt harmonium, flygel og objekter, Michaela Antalova: slagverk.

Spelt inn i Gamle Raadhus, Oslo, 11. april 2021 av Magnus Skavhaug Nergaard

Miksa av James Welburn og Hans P. Kjorstad, mai 2021.

Mastering av Lasse Marhaug i Vesterålen.


LP

Formater: Vinyl
29. apr. 2022
Label Motvind Records
Katalognr. MOT18LP
PPD 200,-
File under:
Pling Plong
Sporliste:
AI. Hadeikum (03:05)
AII. Burgess Shale (03:31)
AIII. Devon (04:29)
AIV. Beist (04:11)
AV. Song (03:46)

BI. Formasjon (02:33)
BII. Visjon (04:53)
BIII. Divisjon (07:49)
BIV. Rotasjon (03:37)