Henriette eilertsen poems

Henriette Eilertsen
Poems for Flute

Så var det jazzfløyta, da. Denne litt sjenerte, sjeldne blåsaren i jazzfaunaen, som let seg høyre her og der. Kanskje ein saxofonist fekk ei gamal fløyte til jul og ville prøve noko nytt, eller ein annan fanga interesse for folkemusikk og ville attende til røtene med uttrykket sitt. Men den reinspikka jazzfløytisten, som eine og åleine soknar til dette eldste av treblåseinstrumenta, ja der er det heller skralt i rekkjene.

Men det er ei som har halde det ekte i lang tid. Henriette Eilertsen (f. 1993) var den fyrste i Noreg som tok bachelorgrad i jazzfløte, på Norges Musikkhøgskule.

Det er det mange som har lagt merkje til og mange som er glade for. Når Eilertsen no debuterer med albumet Poems for Flute syner ho til fulle at ho har funne retninga. Sjølv om ho har sine fløyte-helter – som Joe Farrell, Eric Dolphy og Elena Pinderhughes, trakkar ho opp sitt eiga råk når ho syner kva ho vil at jazzfløyte skal vera anno 2021.

Eilertsen har dei seinare åra vore involvert i eit drøss av band på den norske jazzscena, blant anna space jazz-bandet Billy Meier, Andreas Røysum Ensemble og Slow Is The New Fast. I tillegg har ho vore med å etablere det aktive komponistkollektivet OJKOS.

Albumet Poems for Flute består av korte stykkjer, som Eilertsen tenkjer på som små musikalske dikt. Nokre av låtane opererer med ein tydeleg musikalsk retning, mens andre har ein heller abstrakt agenda - albumet er basert på frie improvisasjonar. Lyttaren fer servert fløyte i soloformat, i duo med både fele og datamaskin, og i eit liveopptak i samspel med deler av OJKOS.

Henriette Eilertsen har for lengst synt at ho har mykje å fara med, så at ho no debuterer som solist er på sin plass. Ho er ein teknisk briljant fløytist med klare estetiske visjonar. Ho dveler ved kantane, om det er akustisk eller digitalt, bevegar seg frå urbane til rurale rom og frå ekstremt raske løp til langsame magedrag. Heile tida kling heile fløyta, som når lyden av klaffane har ein like viktig funksjon som dei alminnelege tonane.

Dei 12 rykande ferske fløytedikta tykkjer vi maktar å presentere jazzfløyta på en ny og personleg måte.

Poems for Flute

Formater: Vinyl
08. okt. 2021
Katalognr. MOT14LP
PPD 150,-
File under:
Pling Plong
Sporliste:
Side A
01. Flute and Compute
02. Proletaren
03. Den Rennande Bekkjen
04. The Sabbatical
05. Fola, fola

Side B
06. Pastorale
07. Birth of the flute
08. ASMR
09. Construction
10. Edens Hage
11. Greta
12. Space Invaders

Høyoppløste bilder:

Henriette eilertsen poems