Karl Seglem
Mytevegar (myth.path.hope)

Karl Seglem si kunstnariske bane og hans musikk er unik, i ordets beste forstand. Han er ein eigen sjanger. I samarbeid med produsent Alf Magne Hillestad har han gjennom omlag 5 år, utvikla musikken sin fram mot lanseringa av dette verket. Det blir spelt første gang på Oslo Jazzfestival og Snekkarlemmen Kulturlåve 17. og 19. august 2023.

Den 20. oktober 2023 kjem det storslegne konseptalbumet ut eksklusivt som dobbelLP (180gr. / Gatefold). Det blir trykt i kun 300 eksemplarar og er skapt først og fremst i kjærleik til naturen, men også i kjærleik til dei musikkelskarar som framsnakkar fysisk format (Den digtale varianten av verket blir forma ulikt). DobbelLP formatet er heilt unikt i å kunne formidle eit lengre musikalsk forløp med heilskapleg form. I Mytevegar er kvar LP-side vevd saman, og med omlag 20 minutts lengde. Karl Seglem sine tidlegare produksjonar heilt sidan albumet Rit (1994), og gjennom mange bestillingsverk, har hatt klar heilskapleg form, forteljingar med formessige detaljerte og fullendte linjer. Mytevegar framstår som eit einaste stort høgdepunkt i så måte.

Musikken på Mytevegar (myth.path.hope) er ei vidareføring av Som spor, Nunatak, Tolgabukk og Verdsarv. Den raude tråden i hans musikalskpoetiske vevnad er ei nærast paradoksal "Djup redsle. Djup ro" for klimaet og miljøet, for naturtap for tilstanden til vår felles klode, for menneska si framferd i antropocen. Lyd, tankar, ord, bilder som opnar opp og tek lyttaren med inn i særeigne musikalske landskap. Som inspirasjon tek Seglem utgangspunkt i myten om Balders død, inkorporerer eigne dikt frå den siste diktsamlinga si "Djup redsle. Djup ro", samt norrøn tekst. Han smeltar bukkehorn inn i elektronikk og har ambisjonar om å skape ei ny musikalsk totaloppleving på sine konsertar. Med varierande besetningar turnerer han hausten 2023 for å vidareutvikle sitt kunstnarskap, sin musikk.

Medvirkande musikarar

Karl Seglem, ten.sax, goat horns, voice

Erlend Viken, fiddles, kalimba

Eirik Dørsdal, trumpet

Ardhi Engl, flutes, tubes, strings, electronics

Bendik Smedaasgjelten Qvam, goat horn

Saleh Mohfoud, kanun, voice

Andreas Vold Løwe, piano, keyboards

Lars Jakob Rudjord, keyboards

Andreas Ulvo, Fender rhodes

Hallvard Gaardløs, bass, voice

Kåre Opheim, drums, percussion

Alf Magne Hillestad, drums, percussion, electronics

Roger Morland, bass

Ellen Brekken, bass

Jørn Erik Ahlsen Alkanger, guitars

Henrik Bergersen, guitar

Ketil Thorbjørnsen, guitars

Kasper Dyve, guitar

Stein Villa, droned zither, harp

Ragnhild Knudsen, viola

Jorunn Barane, voice

Music and poetry by Karl Seglem ©

Mixed by Alf Magne Hillestad

Produced by Alf Magne Hillestad and Karl Seglem

Mastered by Espen Høydalsvik Oslo:Fuzz 2023

Detailed information about the recording 2018-2023 inside cover

LPx2 180gr SIGNED

Formats: Vinyl
20. Oct 2023
Label NYE NOR
Cat.no. NYENOR6147
UPC 7042986161477
PPD 225,-
File under:
Pling Plong  ›  Free jazz/ improv
Tracklist:
A
LYS INDIGO
DAUDI BALDRS
JULIDIKT

B
VASSÅRAR RENN
UNDER FALLANDE MÅNE
RIFTER

C
GRJOT
MYTEVEG
HALD MEG
TOKK

D
K FOR KLODEN
STØRSTEBUKKEN (til Magnar)
DET DER UTE
MØRK INDIGO